Jondal-Tørvikbygd er eit ferjesamband på riksveg 550 over Ytre Samlafjorden mellom kommunesenteret Jondal i Jondal og Tørvikbygd i Kvam herad i Ytre Hardanger. Strekninga vert betjent av Norled med opptil 16 daglege avgangar med MF «Bømlo». Overfarten tar om lag 20 minutt.

Ferjesambandet starta opp i 1972 som ei sommarrute, før det i 1973 vart eit fast samband. Den første ferja i ruta var MF «Hatvik». Før det vart vegsamband mellom Jondal og Torsnes, gjekk ferja òg nokre gonger om dagen innom Torsnes. Sidan det ikkje var ferjelem her, så måtte ombord- og ilandkøyring skje ved hjelp av slisker.

Ferjer MF «Hatvik»: 1972 og 1973 MF «Huglo»: 1973 MF «Rosendal»: 1973; 1974 - ? MF «Strandebarm»: 1980-åra MF «Jondal»: 1996-2006 MF «Bømlo»: 2008 (vinteren), januar 2011 - MF «Ølen»: 2007 - desember 2010

Kjelder

Fjordfähren

Bakgrunnsstoff Privat video av M/F «Herdla» på strekninga Jondal-Tørvikbygd i 2012.

Kategori:Fylkesveg 49 Kategori:Samferdsle i Ullensvang Kategori:Samferdsle i Kvam Kategori:Ferjesamband i Vestland Kategori:HSD-samband Kategori:Tide-samband Kategori:Norled-samband