thumb|left|Altartavla i Byneset kyrkje Byneset kyrkje er ei mellomalderkyrkje i stein på Byneset i Trondheim. Kyrkja vart vigd til St. Mikael. Ein veit ikkje nøyaktig når kyrkja vart innvigd, men ein trur det var i 1180. Steinhoggarmerka er dei same som ein finn på Nidarosdomen. Det er derfor nærliggande å tru at det var dei same som oppførte kyrkja eller i det minste hogg den hogde steinen til kyrkjebygget.

Kyrkjebygget Kyrkja er romansk, og er ei langkyrkje i naturstein. Tårnet som er ein takryttar vart oppført rundt 1650. I 1656 vart det bygd eit våpenhus framfor vestportalen, dette vart fornya i 1811 og på slutten av 1970-åra. Ved restaureringa på 1960-talet vart det avdekt kalkmåleri frå 1500- og 1600-talet.

Kyrkjeeigarar

Etter reformasjonen i 1537 vart kyrkja krongods. Ho kom i privat eige i 1725. I 1803 vart kyrkja kjøpt av bøndene på Byneset og i Buvika.

Bakgrunnsstoff

Byneset Kirke, Byneset, Sør-Trøndelag

Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer vigde til St. Mikael Kategori:Kyrkjer i Heimdal prosti Kategori:Kyrkjer i Trondheim Kategori:Turistmål i Trondheim Kategori:Freda bygg i Trøndelag Kategori:Kulturminne i Trondheim Kategori:Valkyrkjer i 1814