Harstad kyrkje er ei arbeidskyrkje konstruert i rektangulær form, frå 1958. Kyrkja ligg i Harstad i Troms. Ho ligg sentralt plassert få hundre meter vest for Harstad sentrum, rett ved sida av Harstad stadion. Kyrkjetårnet er eit godt synleg bymerke.Harstad kyrkje frå Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard

Byggverket er i betong, og kyrkja har 600 plassar. Arkitekt for kyrkja var Jan Inge Hovig.Harstad kyrkje frå Kyrkjesøk

Kyrkja var ei av dei fyrste arbeidskyrkjene i Noreg, med kyrkjelydssal, kjøken og kyrkjestove.

Det trekantforma altertavlemåleriet synar Jesus som held Bergpreika, og misjonæren Hans Egede som held tale for menneske på Grønland. Det er laga av Axel Revold.Harstad kyrkje frå Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard

Kyrkja har to glasmåleri laga av Jardar Lunde, eit bakerst i kyrkjeskipet og eit på nordsida av koret.Harstad kyrkje frå Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard

Referansar

Bakgrunnsstoff Om Harstad kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Kyrkjer i Harstad Kategori:Jan Inge Hovig Kategori:Kyrkjer i Trondenes prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1958 Kategori:Kulturminne i Harstad