Lodejnoje Pole (russisk Лодейное Поле) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Etter kommunereforma i Leningrad oblast i 2006 er byen eigen kommune, men samstundes òg det administrative sentrum i regionen med same namn. Regionen har i tillegg til Lodejnoe Pole fem mindre kommunar med til saman om lag 12 000 innbyggjarar.

mini|venstre|Kyrkje i Lodejnoje Pole. Foto frå omkring 1910 av Sergej Prokudin-Gorskij.

Byen ligg ved elva Svir, 239 km nord-aust for St. Petersburg. Byen vart grunnlagd i 1702 på ordre frå tsar Peter den store og fekk bystatus i 1785.

Lodejnoe Pole er venskapskommune med Gildeskål i Nordland. Samarbeidet vart formelt oppretta i 1993.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Lodejnoje Pole» frå , den 1. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1702