Selemdzja (russisk Селемджа) er ei elv i Amur oblast i Russland og ei av sideelvane til Zeja frå venstre. Ho har ei lengd på 647 km og eit nedslagsfelt på . I nedslagsfeltet ligg om lag 4500 innsjøar med eit samla areal på meir enn 270 km².
Dei største sideelvane hennar er Ulma og Nora. Elva frys til i november og er islagd til byrjinga av mai.
Det er mogeleg å driva skipsfart frå munningen og 325 km oppover elva.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Селемджа (река)» frå , den 16. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Amur oblast