Indiga er ei elv i Nenetisa autonome okrug i Arkhangelsk oblast i Russland.

Elva spring ut i myrområda ved Timanhøgdene og munnar ut i Indigskajabukta i Barentshavet. Ho er 193 km lang og har eit nedslasgfelt på 3790 km². Den største sideelva hennar er Belaja.

Elva renn gjennom Malozemlskaja-tundra. I øvre delen av elva finst fleire stryk, medan den nedre delen svingar seg sakte over eit våtmarksområde med mange innsjøar.

Elva frys til seint i oktober og er islagd til mai.

Elva høver seg dårleg til skipsfart og ved høg vassføring kan berre dei nedste 25 km av elva nyttast til dette føremålet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Индига» frå , den 16. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Arkhangelsk oblast Kategori:Elvar i Nenetsia