mini|Logo mini|DTM billaup ved Hockenheimring i 2008. mini|Den danske føraren Tom Kristensen i ein Audi A4. mini|Tyske Bernd Schneider i Mercedes-Benz har vunne meisterskapen fire gonger
Deutsche Tourenwagen Masters eller DTM er ein bilsportserie med base i Tyskland, men som vert køyrd på baner over heile Europa. Ein nyttar standardbilar, bilar med karosseri som gatebilar, men tilpassa for billaup. Ein køyrer med Audi A4 og Mercedes C-klasse. Tidlegare satsa og Opel på DTM, men utan større framgang drog dei seg ut etter 2005 sesongen. Den store tyske bilprodusenten BMW satsar på WTCC og formel 1 istaden.
Historie Deutsche Tourenwagen Masters har historie frå opprettinga av Deutsche Tourenwagen-Meisterschaft i 1984, der ein konkurrerte med FIA sine Gruppe A reglar. Reglane vart endra etterkvart for å tillate modifikasjonar.
Ved den første sesongen var det nær berre tyske førarar, men med 1985 sesongen kom utlendingane og svenske Per Stureson vann meisterskapen med sin Volvo 240 Turbo. I 1988 deltok fire bilprodusentar, BMW, Ford, Mercedes-Benz og Opel. Berre Ford køyrde med turbomotorar og Klaus Ludwig kunne ta meisterskapssigeren tilbake til tyskland igjen.
I 1993 forlet ein Gruppe A reglane til fordel for ein meir liberal 2.5 liters serie kalla Klasse 1 og det første DTMlaupet i Storbritannia vart arrangert. I 1995 vart DTM halde i Italia, Finland, Storbritannia, Portugal og Frankrike, i tillegg til dei tyske laupa.
Etter å ha utvida horisonten mot utlandet, gjorde ein forsøk på å bli eit internasjonalt meisterskap som skulle ha namnet International Touring-Car Championship, Forkorta ITC. Ein søkte FIA om støtte til den nye serien. I bytte skulle FIA få kontroll over korleis serien vart halden. Ei stor del av inntektene skulle gå til FIA, med det resultatet at deltakarlaga klaga over at dei fekk mindre for å investere i serien, medan reiseutgiftene vart større med dei internasjonale rundane. FIA auka prisen for fjernsynsrettande, noko som gjorde at DTM forsvann frå skjermane over nesten heile Europa.
Ein var heller ikkje heldig med valet av baner til å køyre på. Rundane ved Magny-Cours, Frankrike og spesielt Interlagos hadde for få tilskodarar. Bilfabrikantane stilte dessutan også spørsmål om kvifor dei køyrde i land der bilane deira ikkje vart selde. Til dømes vart ikkje Alfa Romeo seld i Brasil og Japan. Det siste gjaldt og for Opel. Begge bilfabrikantane trekte seg difor ut etter 1996 sesongen og med berre Mercedes attende, vart DTM-serien lagt på is.
DTM returnerte i 2000 med nye reglar og utan status som eit internasjonalt meisterskap. Initialane DTM står no for Deutsche Tourenwagen Masters. Dei fleste rundane går i Tyskland.
Vinnarar Sesong 1. plass 2. plass 3. plass2009 Timo ScheiderAudi A4 Gary PafettMercedes-Benz C-Class Paul di RestaMercedes-Benz C-Class2008 Timo ScheiderAudi A4 Paul di RestaMercedes-Benz C-Class Mattias EkströmAudi A42007 Mattias EkströmAudi A4 Bruno SpenglerMercedes-Benz C-Class Martin TomczykAudi A4 2006 Bernd SchneiderMercedes-Benz C-Class Bruno SpenglerMercedes-Benz C-Class Tom Kristensen (1967- )Audi A4 2005 Gary PaffettMercedes-Benz C-Class Mattias EkströmAudi A4 Tom KristensenAudi A4 2005 Mattias EkströmAudi A4 Gary PaffettMercedes-Benz C-klasse Christijan AlbersMercedes-Benz C-klasse 2003 Bernd SchneiderMercedes-Benz CLK Christijan AlbersMercedes-Benz CLK Marcel FässlerMercedes-Benz CLK 2002 Laurent AïelloAudi TT Bernd SchneiderMercedes-Benz CLK Mattias EkströmAudi TT 2001 Bernd SchneiderMercedes-Benz CLK Uwe AlzenMercedes-Benz CLK Peter DumbreckMercedes-Benz CLK 2000 Bernd SchneiderMercedes-Benz CLK Manuel ReuterOpel Astra Klaus LudwigMercedes-Benz CLK
Bakgrunnsstoff
DTM offisiell heimeside DTM nyhende frå TouringCarTimes