«If I Fell» er ein song av The Beatles som først kom ut på albumet deira A Hard Day’s Night frå 1964 og det amerikanske samlealbumet Something New. Han er hovudsakleg skriven av John Lennon med hjelp frå Paul McCartney, og er kjend for ein uvanleg songstruktur. Innleiinga vert ikkje gjenteken seinare i songen, og dei forskjellige versa har ulik lengd. Det er ingen refreng eller mellomparti mellom versa. Songen er ein del av ein todelt harmoni sungen av Lennon og McCartney i lag gjennom ein enkelt mikrofon.
Lennon spelte akustisk gitar og song, medan McCartney spelte bass og song, George Harrison spelte enkelte tonar på elektrisk gitar, medan Ringo Starr spelte trommer.
Songen vart visstnok Kurt Cobain sin favoritt Beatles-song og han vart spelt av Nirvana kvar gong det var tekniske problem på konsertane deira.
Songen vart gjeven ut i Storbritannia 4. desember 1963 med «Tell Me Why» som B-side. Songen vart òg gjeve ut som ein eigen singel i Noreg, og her gjekk han heilt til topps på VG-lista mot slutten av året og låg to veker på førsteplassen og til saman 11 veker på Topp 10. I USA vart songen gjeve ut som B-side til singelen «And I Love Her»
Medverkande John Lennon – solo- og korvokal, akustisk rytmegitar Paul McCartney – solovokal, bass George Harrison – 12-strengs-sologitar Ringo Starr – trommer Personell per Ian MacDonald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «If I Fell» frå , den 5. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekst
Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Maroon 5-songar Kategori:Chet Atkins-songar Kategori:Peter & Gordon-songar Kategori:R. Stevie Moore-songar Kategori:Reba McEntire-songar Kategori:Roberta Flack-songar Kategori:Al Di Meola-songar Kategori:Songar på toppen av VG-lista