mini|Eskimotåka (NGC 2392), ei planetarisk tåka. Planetariske tåker er emisjonståker som blir danna når stjerner med nokre solmassar kastar av seg dei ytre laga av plasma medan dei døyr. Atoma i tåka blir ioniserte av den sterke strålinga frå stjerna i midten som er ein kvit dverg. Når iona tek opp att elektron blir det sendt ut lys som resulterer i den synlege tåka.«Planetary nebula», artikkel i Philip's Astronomy Encyclopedia s. 310-311

Planetariske tåker ekspanderer medan den sentrale stjerna blir svakare og er difor kortvarige; ein reknar med at levetida kan målast i titusenar av år.

Namnet kjem av at mange planetariske tåker kunne sjå ut som planetar i teleskopa på 1700-talet.

Bilete

Bakgrunnsstoff

Artikkel om planetariske tåker av Knut Jørgen Røed Ødegaard

Kjelder

Kategori:Gasståker Kategori:Stjerneutvikling