Paparoa er ein busetnad i regionen Northland på New Zealand, om lag ein og ein halv times biltur nord for Auckland. Elva Paparoa Stream renn frå aust gjennom busetnaden og inn i Paparoa Creek som går mot sør og renn saman med Arapaoa-elva som er ein del av Kaipara Harbour. Riksvegen State Highway 12 går òg gjennom Paparoa. Matakohe ligg seks km mot sørvest, og Maungaturoto 12 km mot aust. Namnet Paparoa kjem frå maorispråk, og tyder 'lang, flat stein'.
Historie Paparoa var ein av fleire busetnadar i Kaipara som vart grunnlagd av ei religiøs gruppe kjend som Albertlanders. Port Albert nær Wellsford var den viktigaste busetnaden deira, Matakohe var ein annan. Dei slo seg ned i Paparoa i 1863. Jorda vart svidd av slik at dei kunne så korn og gras. I 1865 vart det bygd ein veg til hamna i Pahi, og kort etter ein til Matakohe.Ryburn, s. 35-36 Eit pottemakeri og ein fabrikk som laga tauverk og matter av Phormium (P. cookianum eller P. tenax) var i drift i 1870-åra, og der vart oppretta teglverk, men verksemdene måtte lida under dårlege vegar og høge fraktkostnadar. Dei næraste butikkane låg i Pahi, nesten ti km mot sør.Ryburn, s. 48-49, 60
Dampbåten «Minnie Casey» batt frå 1882 Paparoa saman med Helensville på sørsida av Kaipara med ei rute ein gong i veka. S.S. «Ethel» tok over frå 1891-95, etterpå gjekk ruta berre til Matakohe og Pahi.Ryburn, s. 75, 79 Vegnettet i området vart utbetra i 1880- og 1890-åra.Ryburn, s. 89-92
I 1890-åra hadde Paparoa 35 familiar og kring 200 busette, Dei fleste hadde slått seg ned langs breiddene til Paparoa-elva. Medrekna Pahi var der 400 pmenneske i området. Til 1906 var folketalet i Paparoa dobla.Ryburn, s. 54, 62, 64, 69 Det vart rydda beiteland i området, og eit meieri vart opna i Paparoa i januar 1895.Ryburn, s. 64
Jarnvegslinja North Auckland railway line nådde Huarau, aust for Paparoa, tidleg på 1920-talet. Det var planlagt eit spor gjennom Paparoa, men dette vart det aldri noko av.Ryburn, s. 184-185, 190
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Paparoa» frå , den 25. juli 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kaipara Kategori:Byar på New Zealand