Wałbrzych (tysk Waldenburg) er ein by i Nederschlesiske voivodskap sørvest i Polen. Frå 1975–1998 var han hovudstad i Wałbrzych voivodskap. Han ligg om lag 70 km sørvest for regionshovudstaden Wrocław og om lag 10 km frå grensa til Tsjekkia.
Historie Dei eldste skriftlege kjeldene om byen går tilbake til 1100-talet. Mellom 1100- og 1300-talet, under Piast-dynastiet vart Książborga (Fürstensteinborga), (polsk Zamek Książ) og festninga Nowy Dwór bygd. Waldenburg fekk byrettar på 1400-talet. Etter at Piast-familien døydde ut kom Waldenburg inn under dei schlesiske riddarfamiliane, først Schaffgotsche, seinare Czettritze og frå 1738, Hochberg-familien, eigarar av Fürstensteinborga fram til 1941. Kolgruvedrift i området vart nemnd for første gong i 1536. Waldenburg vart omforma til eit industrisenter i det austlege tyskland på byrjinga av 1800-talet, då kol- og veveindustrien blømde. I 1843 fekk byen første jernbanesamband, som knytte han til Breslau (Wrocław). Tidleg på 1900-talet vart det bygd eit glasverk og ein stor porselensfabrikk, som framleis er i drift i dag. I 1939 hadde byen om lag 65 000 innbyggjarar.
Byen kom relativt uskadd frå den andre verdskrigen og voks raskt etter krigen. På byrjinga av 1990-åra vart kolgruvene rundt byen stengd.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wałbrzych» frå , den 16. juni 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Polen Kategori:Nederschlesien voivodskap