5535 Annefrank er ein hovudbelteasteroide. Han blei oppdaga den 23. mars 1942 av Karl Wilhelm Reinmuth ifrå Landessternwarte Heidelberg-Königstuhl i Heidelberg.
Asteroiden er namnsett etter Anne Frank, den tyske jødiske jenta verdskjend for dagboka ho skreiv medan ho og familien låg i dekning for nazistane under andre verdskrigen.
Den 2. november 2002 passerte romsonden Stardust Annefrank og tok detaljerte bilete av asteroiden. Dei returnerte bileta vista at asteroiden var 8 km i lengda; dobbelt så lang som anteke frå bakkeobservasjonar.
Kjelder
5535 Annefrank - baneparametrar hjå JPL Solar System Dynamics Oppdagarar og oppdagingsplassar i Engelsk Wikipedia sine asteroidelister. Listene baserer seg på Minor Planet Center - «Discovery Circumstances: Numbered Minor Planets»
Bakgrunnsstoff
SPACE.com-artikkel om Stardust-passeringa
Kategori:Hovudbelteasteroidar Kategori:Asteroidar Kategori:Asteroidar vitja av romsondar