Hafslovatnet er ein innsjø som ligg ved Hafslo i Luster kommune. Hafslovatnet er regulert som magasin for Årøy kraftverk.

Den vestlegaste delen av innsjøen er verna i Hafslovatnet fuglefredingsområde.

Hafslovatnet er eit godt fiskevatn, der ein kan driva sportsfiske etter aure med oter, dorg og stang ved å løysa fiskekort (personar under 18 år treng ikkje fiskekort). Fiskesesongen er frå 1.januar til 30. september. Bruk av båt med motor på inntil 8 hk er lov, med unntak av området Straumavatnet, mellom Straumbrua og Sogebrua. Den siste laurdagen i august vert det kvart år arrangert Hafslo fiskefestival av 10.-klassen ved Hafslo barne- og ungdomsskule, med fiskekonkurranse i sju ulike klassar.

Is på vatnet ÅrFørste dag med permanent is på heile vatnetSiste dagDagar med isKommentar2020-2021Romjula04.04.202198 (ca)isen omtrent heilt borte 07.04.20212019-202026.02.201928.03.2020312018-201912.12.201816.04.20191252017-2018Romjula30.04.2018121 (ca.)2016-2017Romjula14.04.2017105 (ca.)2015/2016Romjula30.04.2016121 (ca.)2014/2015Romjula16.04.2015107 (ca.)2013/201416.01.201415.04.2014892012/2013 "i god tid før jul"20.05.2013 kl 16.19160 (ca)2011/201231.12.201229.03.2012 882006/2007  20.01.2007 kl 07.00 -1989-1990"isfritt kring årsskiftet" -1978/1979 -25.05.1979 (rekord?) 1972-1973Isfritt i januar1930-1931Isfritt i januar1922-1923Isfritt nyttårshelga1860-1861Isfritt i januar

Kategori:Geografi i Luster Kategori:Innsjøar i Vestland