mini|Tullipanenger i Lisse.
Zuid-Holland (Sør-Holland) er ein provins i Nederland som ligg vest i landet ved kysten av Nordsjøen. Provinsen er den mest folkesette og industrialiserte av dei nederlandske provinsane. Han grensar til Zeeland i sørvest, Noord-Brabant i søraust, Gelderland i aust, Utrecht i nordaust og Noord-Holland i nord.
Her ligg store byar som Den Haag (administrasjonssete) og Rotterdam. Andre byar er Dordrecht, Leiden, Delft, Gouda og Katwijk. Rotterdam har ei av dei største hamnene i verda. Zoetermeer er ein særs ny by og det meste av han vart bygd i 1970-åra. Andre nyare byar er Capelle aan den IJssel, Hellevoetsluis og Spijkenisse, som alle ligg i nærleiken av Rotterdam.
Området er ein del av elvedeltaet til dei to store elvane Rhinen og Maas. Av andre elvar og kanalar i provinsen finn ein Nieuwe Maas, Nieuwe Waterweg, Oude Maas, Haringvliet, Hollands Diep, Oude Rijn og Hollandse IJssel.
Historie Provinsen Zuid-Holland vart danna i 1840 då provinsen Holland vart delt inn i ein nordleg (Noord-Holland) og ein sørleg del. Sidan den gong har Zuid-Holland gjeve frå seg dei tre kommunane Oudewater i 1970, Woerden i 1989 og Vianen i 2002 til provinsen Utrecht.
Kommunar Zuid-Holland er delt inn i 60 kommunar. Her ei liste over kommunane med lenkje til kart over kommunen: Alblasserdam Albrandswaard Alphen aan den Rijn Barendrecht Binnenmaas Bodegraven-Reeuwijk Brielle Capelle aan den IJssel Cromstrijen Delft Den Haag Dordrecht Giessenlanden Goeree-Overflakkee Gorinchem Gouda Hardinxveld-Giessendam Hellevoetsluis Hendrik-Ido-Ambacht Hillegom Kaag en Braassem Katwijk Korendijk Krimpen aan den IJssel Krimpenerwaard Lansingerland Leerdam Leiden Leiderdorp Leidschendam-Voorburg Lisse Maassluis Midden-Delfland Molenwaard Nieuwkoop Nissewaard Noordwijk Noordwijkerhout Oegstgeest Oud-Beijerland Papendrecht Pijnacker-Nootdorp Ridderkerk Rijswijk Rotterdam Schiedam Sliedrecht Strijen Teylingen Vlaardingen Voorschoten Waddinxveen Wassenaar Westland Westvoorne Zederik Zoetermeer Zoeterwoude Zuidplas Zwijndrecht
Øyar (frå nord til sør, og frå vest til aust, med kommunar)
Rozenburg Rozenburg delar av Rotterdam IJsselmonde delar av Rotterdam Barendrecht Ridderkerk Hendrik-Ido-Ambacht Zwijndrecht Voorne-Putten Westvoorne Brielle Hellevoetsluis Bernisse Spijkenisse Hoeksche Waard Oud-Beijerland Binnenmaas delar av Korendijk Cromstrijen Strijen Eiland van Dordrecht Dordrecht Goeree-Overflakkee Goedereede Dirksland Middelharnis Oostflakkee. Tiengemeten delar av Korendijk
Inndeling Det er fire offisielle regionar i provinsen: Zuid-Holland Zuid Drechtsteden Alblasserdam, Dordrecht, Hendrik-Ido-Ambacht, Papendrecht, Sliedrecht, Zwijndrecht the rest of the Hoeksche Waard og Tiengemeten Goeree Overflakkee Zuid-Holland West Haaglanden Delft, Den Haag, Leidschendam-Voorburg, Midden-Delfland, Pijnacker-Nootdorp, Rijswijk, Wassenaar, Westland, Zoetermeer. Leidse regio Alkemade, Leiden, Leiderdorp, Oegstgeest, Voorschoten, Zoeterwoude Duin- en Bollenstreek Hillegom, Katwijk, Lisse, Noordwijk, Noordwijkerhout, Teylingen Zuid-Holland Oost Krimpenerwaard Bergambacht, Nederlek, Schoonhoven, Vlist, Ouderkerk Alblasserwaard-Vijfheerenlanden Giessenlanden, Gorinchem, Graafstroom, Hardinxveld-Giessendam, Leerdam, Liesveld, Nieuw-Lekkerland, Zederik. Rijnstreek Alphen aan den Rijn, Jacobswoude, Nieuwkoop, Rijnwoude Gouwestreek Bodegraven, Boskoop, Gouda, Moordrecht, Nieuwerkerk aan den IJssel, Reeuwijk, Waddinxveen, Zevenhuizen-Moerkapelle Rijnmond Albrandswaard, Barendrecht, Bernisse, Brielle, Capelle aan den IJssel, Hellevoetsluis, Krimpen aan den IJssel, Lansingerland, Maassluis, Ridderkerk, Rotterdam, Rozenburg, Schiedam, Spijkenisse, Vlaardingen, Westvoorne
Uttrykket Zuidvleugel refererer til ein stor del av provinsen: Drechtsteden og ein del av Hoeksche Waard: Binnenmaas, Oud-Beijerland Zuid-Holland West Rijnmond ein liten del av Zuid-Holland Oost: Gorinchem, Hardinxveld-Giessendam
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «South Holland» frå , den 15. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
Deltaprosjektet - flaumvern i Zuid-Holland
Kategori:Provinsar i Nederland