Gelderland er ein provins i Nederland som ligg sentralt i austlege delar av landet. Administrasjonssenteret er Arnhem, men dei to byane Nijmegen og Apeldoorn har fleire innbyggjarar. Andre store byar i provinsen er Ede, Zutphen, Doetinchem, Harderwijk, Wijchen og Tiel.
Historie Den noverande provinsen Gelderland dekkjer om lag tre fjerdedelar av det historiske hertugdømet Geldern. Geldern var eit grevskap seint på 1000-talet og vart så eit hertugdømet i Det tysk-romerske riket og inkluderte òg delar av provinsen Limburg og det tyske landkreisen Kleve med byen Geldern, som opphavleg var setet for hertugane. Han var ein del av Habsburgs Nederland i 1543, som ein av Dei sytten provinsane, men var ikkje av dei rikaste eller tettast folkesette.
Kommunar Gelderland består av følgjande 53 kommunar:
Aalten Apeldoorn Arnhem Barneveld Berg en Dal Berkelland Beuningen Bronckhorst Brummen Buren Culemborg Doesburg Doetinchem Druten Duiven Ede Elburg Epe Ermelo Geldermalsen Harderwijk Hattem Heerde Heumen Lingewaal Lingewaard Lochem Maasdriel Montferland Neder-Betuwe Neerijnen Nijkerk Nijmegen Nunspeet Oldebroek Oost Gelre Oude IJsselstreek Overbetuwe Putten Renkum Rheden Rozendaal Scherpenzeel Tiel Voorst Wageningen West Maas en Waal Westervoort Wijchen Winterswijk Zaltbommel Zevenaar Zutphen
Endringar av kommunane
Desse kommunane vart slått saman med andre kommunar:
Angerlo vart slått saman med Zevenaar Dinxperlo vart slått saman med Aalten Gorssel vart slått saman med Lochem Lichtenvoorde vart slått saman med Groenlo Warnsveld vart slått saman med Zutphen Wehl vart slått saman med Doetinchem
Desse kommunane vart slått saman og fekk nytt namn:
Borculo, Eibergen, Neede og Ruurlo vart Berkelland Hengelo, Hummelo en Keppel, Steenderen, Vorden og Zelhem vart Bronckhorst Bergh og Didam vart Montferland Gendringen og Wisch vart Oude IJsselstreek
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gelderland» frå , den 15. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Provinsar i Nederland