Pavlodar (kasakhisk: Павлодар) er ein by nordaust i Kasakhstan. Han ligg 350 km nordaust for hovudstaden i landet, Astana, og 400 km søraust aust for den russiske byen Omsk langs elva Irtysj. Byen er hovudstad i Pavlodar oblast og har like over 300 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane er kasakhstanarar og russarar. Det finst i tillegg minoritetar av ukrainarar og tyskarar.

Historie Pavlodar er den eldste oblasthovudstaden nord i Kasakhstan og vart grunnlagd i 1720 som Korjakovskij nær nokre saltsjøar. Han vart byen Pavlodar i 1861, men sjølv om han dreiv omfattande handel med salt og jordbruksprodukt hadde han berre om lag 8 000 innbyggjarar i 1897. Han fekk namnet Pavlodar, Pavel si gåve, til ære for den nyfødde storhertug Pavel Aleksandrovitsj av Russland.Pavlodar i Kasakhstan

I 1955 gav Jomfrulandplanen ein ny start til den moderne Pavlodar. Storinnflytting frå andre delar av Sovjetunionen, industrialisering og rask utbygging forma byen på kort tid. Sidan midten av 1960-åra har Pavlodar vokse til å verte eit stort industrisenter med traktor-, aluminium- og kjemiske fabrikkar. Eit oljeraffineri stod ferdig i 1978. Byen hadde òg ein stort stridsvognfabrikk og var derfor stengd for utlendingar fram til 1992.

Bakgrunnsstoff Pavlodar sin portal Bilete av byen

Kjelde

Denne artikkelen bygger på «Pavlodar» frå , den 18. januar 2008.

Fotnotar

Kategori:Byar i Kasakhstan