Stille Stunder er eit kristeleg blad som var grunnlagt av Johannes Barstad i 1889. Bladet har stått som eit symbol på det som er kalla «kristninga av landsmålet», og var publiseringsstad for fleire salmar, blant anna av Elias Blix.

Bladet vart frå 1889 til 1931 utgjeve av grunnleggjaren, Johannes Barstad, seinare vart det utgjeve av kona, og frå 1935 til 1954 stod Oslo Kristelege Landsungdomslag som utgjevar. Frå 1954 og nokre år stod ei eiga bladnemnd i Bergen som utgjevar, og frå slutten av 1950-talet av Kyrkjenemndi i Bergen vore utgjevar. Frå 2012 er det Foreininga Stille Stunder som gjev ut bladet.

Redaktørar Johannes Barstad 1889 til 1931 Elenore Barstad 1931 til 1934 Olav Gautestad Alfred Hauge Erling Ulltveit 1951 til Bernhard Eide Gudmund Skiftun Haakon Svarstad 1981 til 1989 Ådne Skiftun 1990 til 1995 Alfred Hamre 1995 til 2004 Ivar Molde 2004-2024 Hanne Marie Molde 2024-

Kjelder Peter Halleråker: Johannes A. Barstad og landsmålet i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1986

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nynorske tidsskrift Kategori:Kristne blad Kategori:Publikasjonar skipa i 1889 Kategori:1889 i Noreg