Signalkuppe eller Punta Gnifetti er eit fjell i Monte Rosa-massivet i Wallis-Alpane på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 4 554 meter over havet. Fjellet er kalla opp etter «Signalet», ein tind på austryggen.

Toppen av Signalkuppe vart først nådd av Giovanni Gnifetti, ein sokneprest frå Alagna Valsesia, i lag med J. Farinetti, C. Ferraris, C. Grober, J. og G. Giordiano og guidar den 9. august 1842.

Den høgastliggande hytta i Europa, Margheritahytta (kalla opp etter den italienske dronninga Margherita av Savoie) ligg på toppen av fjellet. Ho vart bygd i 1890-1893 med støtte frå den italienske krona, og Dronning Margherita opna ho i 1893. Den nye hytta er kledd med kopar for å verne ho mot lynnedslag.

Bakgrunnsstoff Signalkuppe på SummitPost Bilete frå ein tur til toppen

Kjelde

Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994 Collomb, Robin G., (ed.), Pennine Alps Central, London: Alpine Club, 1975

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Aostadalen Kategori:Fjell i Valais Kategori:Internasjonale fjell i Europa