mini|Heggmoen kraftverk Heggmoen kraftverk er eit vasskraftverk som nyttar fallet mellom Heggmovatnet og Vatnvatnet på 124 meter. Kraftverket vart bygd i 1924 av Bodin kommune (slått saman med Bodø kommune i 1968). Kraftverket tok nesten knekken på kommunen økonomisk og fekk først utnytta kapasiteten fullt ut på slutten av 1930-talet. Kraftverket vart oppgradert i 1981 og har i dag ein årsproduksjon på 52 GWh.

Operatør er i dag Bodø Energi

Bakgrunnsstoff Bodø Energi

Kategori:Kraftverk i Bodø Kategori:Salten kraftsamband Kategori:Kraftverk skipa i 1924 Kategori:1924 i Noreg