The Aerosol Grey Machine er debutplata til det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator. Det kom ut i 1969 på Mercury.

Bakgrunn

Albumet var opphavleg tenkt som eit soloalbum av songaren og låtskrivaren i bandet, Peter Hammill. Då bandet signerte med Charisma Records kom det i stand ein avtale der The Aerosol Grey Machine skulle gjevast ut under namnet Van der Graaf Generator, mot at Mercury Records frigav Hammill frå den tidlegare kontrakten sin med dei.

Utgjeving

The Aerosol Grey Machine kom ut i september 1969 på Mercury, og berre i USA. Ei tidleg utgåve inneheldt songen «Giant Squid», men det var ein feilproduksjon. På plateomslaget stod det «Necromancer» i staden, og seinare trykk av plata har den korrekte «Necromancer».

Albumet kom ut på CD i 1997 på det tyske selskapet Repertoire Records, med same innhald som originalplata og med den første singelen deira som bonusspor. I 1997 gav selskapet til Peter Hammill, FIE! Records, ut plata på ny med ei ny rekkjefølgje og med «Giant Squid» i tilelgg til ein tidlegare ikkje utgjeven versjon av «Ferret and Featherbird» som bonusspor. Det var ingen forklaringar kvifor spora vart integrerti albumet og ikkje berre sett inn som bonusspor til slutt.

Mottaking

Steven McDonald på AllMusic kalla albumet «Ei rå, energisk plate som stundom gjer lite for å syne talentet til den unge Hammill» men «det har likevel fine augneblink som syner fram til mogelegheitene på framtidige utgjevingar».

Innhald

Medverkande Van der Graaf Generator Peter Hammill – solovokal, akustisk gitar Hugh Banton – Farfisa-orgel, korvokal, piano, perkusjon Keith Ellis – bass Guy Evans – trommer, perkusjon

Andre medverkande

Jeff Peach – fløyte på «Running Back» Chris Judge Smith – slide-saksofon og harmonivokal på «People You Were Going To», korvokal på «Firebrand»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Aerosol Grey Machine» frå , den 26. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Van der Graaf Generator-album Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Fontana Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:Repertoire Records-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Album produserte av John Anthony Kategori:Album spelte inn i Trident Studios