The Gate of Saturn Live at the Lowry Manchester 2011 er det 130. albumet totalt og det 30. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i juli 2011. Albumet kom ut på tre CD-plater med ei samla lengd på nesten tre timar.

28. mai 2011 spelte Tangerine Deram ein konsert i Manchester, og albumet kom ut berre kort tid etter. Under denne konserten kunne fansen kjøpe The Gate of Saturn for første gongen. Albumet skulle i utgangspunktet berre vere tilgjengeleg digitalt, men fansen insisterte på ei vanleg utgåve på CD, og denne kom ut på tre CD-plater i august same året.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, gitar Linda Spa - saksofon, fløyte, klaverinstrument Iris Camaa - elektroniske trommer, klaverinstrument Thorsten Quaeschning - klaverinstrument Bernard Beibl – gitar, elektrisk fiolin Hoshiko Yamane – fiolin

Kjelder

Kategori:Konsertalbum frå 2011 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream