Knights of Asheville er det 133. albumet totalt og det 31. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i desember 2011. Albumet kom ut på to CD-plater.

Plata inneheld heile konserten Tangerine Dream spelte på Moogfest 2011 i Asheville i Nord-Carolina i USA. Konserten hadde alt blitt send direkte på Internett via National Public Radio og kom ut tidleg i desember 2011 på fysisk format, inkludert eit bonusspor spelt inn i studio, «View from a Distant Star», som ikkje finst andre stader. Dei hadde planar om å spele denne komposisjonen òg, men hadde ikkje nok tid.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, gitar Linda Spa - saksofon, fløyte, klaverinstrument Iris Camaa - elektroniske trommer og perkusjon Thorsten Quaeschning - klaverinstrument Bernard Beibl – gitar Hoshiko Yamane – elektrisk fiolin

Kjelder

Kategori:Konsertalbum frå 2011 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream