Audun Bjørlo Lysbakken () er ein norsk politikar frå Bergen. Han representerer Sosialistisk Venstreparti, og var partileiar for dette partiet frå 2012 til 2023.
Biografi
Audun Lysbakken er fødd og oppvaksen i Bergen. Far hans er skodespelaren Sigurd Lysbakken, og mor hans er forfattar Geirdis Bjørlo. Av utdanning har han allmennfag frå Bergens Handelsgymnasium (1993–1996) og grunnfag i fransk og samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen (1996–1998). Han sat i bystyret i Bergen frå 1999 til 2000, og var nestleiar i Sosialistisk Ungdom i frå 2000 til 2002. Han har arbeidd som kontorsekretær hjå Norsk Økologisk Landbrukslag (1999–2000) og journalist i Klassekampen (2000–2001).
I 2001 vart han vald som stortingsrepresentant for Hordaland fylke, og han sat fire år i Stortinget sin finanskomité. I denne perioden var han også medlem av Stortinget sin delegasjon til den parlamentariske forsamlinga i OSSE. Han var i perioden 2005–2009 fyrste vara til Stortinget. I 2009 var han 1. kandidat for SV i Hordaland. Som innvald stortingsrepresentant vart han først i oktober same året vald til parlamentarisk leiar for SV si stortingsgruppe, eit verv han hadde berre i eit par veker.
Audun Lysbakken var frå 20. oktober 2009 statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet, som frå 1. januar 2010 vart Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, i Regjeringa Stoltenberg II. Han trekte seg frå denne stillinga 5. mars 2012.Dagbladet, 05.03.12: Audun Lysbakken trekker seg som statsråd. Kristin Halvorsen tok mellombels over stillinga hans.Dagbladet, 05.03.12: Kristin Halvorsen tar over midlertidig etter Lysbakken.
Frå 2006 til 2012 var Lysbakken nestleiar i SV. Deretter var han frå 10. mars 2012 til 18. mars 2023 partileiar for partiet.
Kjelder
Referansar
Bakgrunnsstoff
rettvenstre.no Bloggen til Lysbakken
Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:SV-statsrådar Kategori:Norske barneministrar Kategori:Leiarar for Sosialistisk Venstreparti Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Folk frå Bergen