Trippel, tripoli eller polerskifer er ein lys og finskifta, laus bergart som hovudsakleg består av diatoméskal (kiselgur). Han finst i tertiære lag, og blir brukt som polermiddel.

Bergarten er kalla opp etter Tripolis i Nord-Afrika (Tripolitania), der trippel først vart funnen.

Kjelder Trippel: tripoli. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/trippel%2Ftripoli.

Kategori:Skifer Kategori:Slipemiddel Kategori:Metallarbeid