thumb|Video av Nes kyrkjeruinar Nes kyrkjeruinar er restane etter ei mellomalderkyrkje i Nes kommune. Dei står på neset der elvane Glomma og Vorma renn i hop, ved Vormsund. Kyrkjestaden har gjeve namn til kommunen og kyrkja vart vald ut som tusenårsstad for kommunen.

Historie Kyrkja på Nes vart bygd over ein tidlegare heidensk offerplass på 1100-talet. Det kan ha stått ei trekyrkje på staden før det rundt år 1100 vart bygd ei steinkyrkje i romansk stil. Frå utgravingane i 1957 veit ein at det opphavleg var ei kyrkje med eit skip i vest, noko smalare kor og ein apsis i aust. Seinare vart dette bygd til langkyrkje i romansk stil ved at koret og apsisen vart rivne.Sigrid og Håkon Christie: Nes kirkeruiner, Gamle Nes, Nes historielag Nes kyrkje var hovudkyrkja på denne delen av Romerike og var ei av tre fylkeskyrkjer på Romerike. I 1567, under sjuårskrigen mot Sverige, vart ho stukken i brann. Kyrkja vart bygd opp att og utvida til krosskyrkje i 1697.

Då lynet slo ned i kyrkja i 1854 brann ho ned att. På grunn av at kyrkja låg slik til at det var fare for at ho kunne rase ut i elva, vart ho ikkje reist igjen, men ny kyrkje vart bygd om lag 1 km lenger nord. Noko av inventaret vart redda og flytta til nye Nes kyrkje. I dag brukar ein kyrkjeruinane til å halda bryllaup, gudstenester og konsertar.

Galleri Nes kirkeruin i 2005.

Nes kirkeruin før restaureringa i 1936.

Kjelder :nb:Nes i Akershus kulturnett.no

Bakgrunnsstoff Norges Kirker: «Nes nye kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning Om Nes sokn på nettstaden til Den norske kykjra

Kategori:Kyrkjer i Nes Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Nes Kategori:Tusenårsstader Kategori:Freda bygg i Akershus