Komi-Permjakia var eit sjølvstyrt område i Russland, eit av dei 89 føderale subjekta i Russland inntil 1. desember 2005. Hovudstaden var Kudymkar, arealet 32 770 km² med 136 000 innbyggjarar (2002). Området ligg ved Uralfjella og dei øvre delane av elva Kama. Det vart oppretta 26. februar 1925.
mini|venstre|Kart over Komi-Permjakia.
Den største folkegruppa er den finsk-ugriske folkegruppa komi-permjakar (60,2 %). 36,1 % er russarar.
Som resultat av ei folkeavrøysting i 2004 vart Komi-Permjakia den 1.desember 2005 slått saman med Perm oblast til Perm kraj. Det nye området har hovudstad i Perm.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare russiske føderasjonssubjekt Kategori:Skipingar i 1925 Kategori:Nedleggingar i 2005