Ardittikvartetten er ein av verdas leiande strykarkvartettar, særleg kjend for samtidsmusikk, grunnlagd i 1974.
Kvartetten vart starta opp av fiolinisten Irvine Arditti i 1974, og har sidan gått gjennom mange utskiftingar. I dag består kvartetten av Arditti sjølv, Ashot Sarkissjan (fiolin), Ralf Ehlers (bratsj), Lucas Fels (cello). Dei er det einaste ensemblet som har vunne Ernst von Siemens' musikkpris fram til i dag.
Kvartetten har ei lang liste med komponistar som dei har urframført verk av. Ensemblet har som prinsipp å samarbeida med kvar einskild komponist dei framfører musikk av for å kunna tolka musikken best mogleg. Til dømes har Ardittikvartetten framført den illgjetne Helikopterkvartetten av Karlheinz Stockhausen. Fram til 2015 hadde kvartetten gjeve ut over 200 cd-plater. Det komplette arkivet til Ardittikvartetten ligg lagra i Basel i Sveits.
Prisar og utmerkingar
Deutsche Schallplatten Preis Ernst von Siemens' musikkpris 1999 for livslangt bidrag til musikk. Gramophone Award (1999) for musikk av Elliott Carter Gramophone Award (2002) for musikk av Harrison Birthwistle Coup de Coeur'-prisen av Academie Charles Cros
Kjelder
Den offisielle nettsida til kvartetten. (Engelsk, fransk, tysk, spansk.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkgrupper skipa i 1974 Kategori:Samtidsmusikk