Jurij Fjodorovitsj Kasjkarov () er ein russisk, tidlegare skiskyttar frå Khanty-Mansijsk som representerte Sovjetunionen og seinare Russland. Han vart individuell verdsmeister på 20 km i 1985. Mellom 1983 og 1991 vann han med Sovjetunionen sju medaljar i stafett-tevlingar i VM og OL, fire i gull og tre i sølv.
Aktiv Kasjkarov fekk sin VM-debut som 19-åring i 1983. Etter eit godt løp på 20 km fekk han plass på Sovjetunionen sitt stafettlag, eit lag som vart verdsmeistrar. Året etterpå, i 1984, var han med på det sovjetrussiske stafettlaget som gjekk til topps i vinter-OL i Sarajevo. Han gjorde så sin beste sesong i 1985, då han vann gullmedaljar på 20 km og i stafett under VM i Ruhpolding. Same sesongen kom han på andreplassen i verdscupen i skiskyting, bakom verdscup-sigraren Frank-Peter Roetsch som representerte DDR. I VM 1986 tok Kasjkarov si fjerde strake gullmedalje i stafett-øvinga, året etter fekk han sitt fyrste VM-sølv i stafett, ein prestasjon han og lagkameratane gjentok i 1989 og 1991. Under VM 1989 i Feistritz vann han si andre individuelle VM-medalje, ein bronse, slått av vinnaren Frank Luck frå DDR og norske Eirik Kvalfoss.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1983 i Antholz: Gullmedalje i stafett, nr 7 på 20 km Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Gullmedalje i stafett, nr 10 på 10 km VM i skiskyting 1985 i Ruhpolding: Gullmedalje både 20 km og i stafett VM i skiskyting 1986 i Oslo: Gullmedalje i stafett, nr 6 på 20 km VM i skiskyting 1987 i Lake Placid: Sølvmedalje i stafett, nr 5 på 20 km Vinter-OL 1988 i Calgary: Nr 5 på 20 km VM i skiskyting 1989 i Feistritz: Bronsemedalje på 10 km og sølvmedalje i stafett VM i skiskyting 1990 i Minsk: Nr 4 på 20 km VM i skiskyting 1991 i Lahti: Sølvmedalje i stafett, nr 12 på 10 km
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Sovjetiske skiskyttarar Kategori:Russiske skiskyttarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1988