Mount Everest (sanskrit , tibetansk ) er det høgaste fjellet i verda, med ei høgd på  moh. (målt på snødekket). Høgda på snø og is kan variera mykje, og ulike målingar har hatt litt ulike resultat.

Mount Everest ligg i fjellkjeda Mahalangur Himal i Himalaya, på grensa mellom Folkerepublikken Kina og Nepal, og grensa mellom dei to landa går midt gjennom toppunktet.

Administrativt ligg den nepalske delen av Mount Everest i Sagaramatha nasjonalpark i Provins nr. 1. Den kinesiske delen tilhøyrer den autonome regionen Tibet.

Høgd

Den offisielle høgda til Mount Everest er , og er anerkjend av både Kina og Nepal. Denne høgda blei funnen ved ei indisk oppmåling i 1955 og stadfesta ved ei kinesisk oppmåling i 1975. I 2005 måla Kina høgda til sjølve fjellet, og kom fram til at det var 8844,43 m. Etter dette diskuterte Nepal og Kina kva som skulle vera den offisielle høgda. I 2010 blei dei einige om at den offisielle høgda framleis skulle vera 8 849 m, medan Nepal anerkjenner den kinesiske oppmålinga av berghogda på 8 844 m.

I 1999 blei fjellet målt av National Geographic til moh.

Historie Klatring Toppen blei nådd for første gong den 29. mai 1953 av Edmund Hillary frå New Zealand og Tenzing Norgay frå sherpa-folket i Nepal, via søraustryggen.

mini|venstre|Klatringar til toppen av Mount Everest per år fram til 2010

Ved slutten av klatresesongen 2010 hadde rundt 3,142 klatrarar nådd toppen i 5,104 ekspedisjonar. 77 % av deese klatringane hadde funne stad sidan 2000. I 2007 blei det registrert eit rekordtal på 633 klatringar utført av 350 tilreisande klatrarar og 253 sherpaer. Deretter blei det gjort 426, 462, 543 og 537 oppstigningar dei neste åra i høvesvis 2008, 2009, 2010 og 2011.Helle Skjersvold m.fl, Nepal vil skjerpe kravet til klatrere, i Aftenposten 3. juni 2013, side 16.

I mai 2019 sette klatreleiaren Kami Rita frå Nepal rekorden for flest klatringar til toppen av Mount Everest då han klatra til toppen for 23. og 24. gong.

I mars 2020 satte nepalske og kinesiske styresmakter stopp for klatring den sesongen på grunn av risiko for sjukdommen covid-19.COVID-19 shuts down Everest. National Geographic. Vitja 11. april 2020

Hovudklatreruter To hovudklatreruter er Søraustrygg-ruta (frå Nepal) Nordaustryggen frå Tibet (òg kjend som Mallory-ruta).

Den fyrste klatringa til topps gjekk via Stilledalen (eller Western Cwm), Lhotse-veggen og vidare til Søraustryggen. «Leir 4» på denne ruta ligg i Sørskaret (South Col), i 7920 meters høgd.

Nye klatreruter er mellom anna den via sørvestveggen i 1975.

Femten ruter (inkludert variasjonar) vart nytta før 1997.

Spesielle oppstigningar 1975: Den fyrste kvinnen til topps var Junko Tabei.https://www.aftenposten.no/verden/i/MR1p5/60-ar-siden-Mount-Everest-ble-besteget-forste-gang#.UadRIkAvmWo Vitja 2018-05-06 1980: Den fyrste til å klatre til topps, utan oksygen-flasker, var Reinhold Messner.

Fyrste mann og kvinne frå ulike land 1953: Toppen blei nådd for første gong av Edmund Hillary og Tenzing Norgay. 1956: Den første sveitsaren var anten Ernst Schmied eller Juerg Marmet. Dei kom til toppen samstundes. 1975: Den fyrste kvinna til topps var Junko Tabei frå Japan. 1985: Bjørn Myrer Lund eller Odd Eliassen var fyrste nordmann på fjelltoppen 2004: Randi Skaug var den fyrste norske kvinna på toppen.

mini|Område opptil om lag 40 kilometer frå Everest-fjelltoppen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mount Everest» frå , den 20. april 2019.

Bakgrunnsstoff Fakta om Mount Everest MountEverest.net

Kategori:Fjell i Himalaya Kategori:Fjell i Nepal Kategori:Fjell i Tibet Kategori:Seven Summits Kategori:Internasjonale fjell i Asia Kategori:Den kinesisk-nepalske grensa Kategori:Høgaste punkt Kategori:Heilage fjell Kategori:Shigatse prefektur Kategori:Turistmål i Tibet