mini|venstre|Bjølstadkapellet Heidal kyrkje er ei lafta krosskyrkje i Heidal i Sel kommune i Innlandet. Dette er den fjerde kyrkja i Heidalen. På kyrkjegarden står dessutan Bjølstadkapellet eller Bjølstadkyrkja, som var kyrkje nummer to (kor og sakristi rekonstruert) og vart gjenreist her i 1964. Kapellet har portalvangar med dyreskurd som er noko av det eldste bevarte i landet.

Heidal kyrkje er utforma for å likne mest mogleg på den førre kyrkja, som var frå 1754 og brann i 1933. Denne kyrkja hadde inventar som var skore av Jakob Klukstad.

Kyrkjegarden har mange gamle gravminne av kleberstein.

Bakgrunnsstoff

Heidal historielag om Bjølstadkyrkja Sel kirkelige fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Sel Kategori:Kyrkjer i Nord-Gudbrandsdal prosti Kategori:Kulturminne i Sel Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1941