John Andreas Savio ()Norsk kunstnerleksikon, bind 3, N-So, Oslo: Universitetsforlaget, 1986, s.449-451, digital utgåve var ein samisk grafikar som særleg arbeidde med tresnitt. Produksjonen hans var relativt stor, ca. 130 tresnitt, nokre lino-snitt og eit stort antal teikningar. I tillegg har han laga måleri og akvarellar.Om John Savio frå Savio.no
mini|venstre|«Kafferast 2»/«Káfe vuoššá 2», handkolorert tresnitt på papir. «Kafferast 2»/«Káfe vuoššá 2» frå DigitaltMuseum Tilhøyrer Saviomuseet. mini|venstre|Tresnittet «Kjærlighet på pinne»/ «Soaddenjálggis».«Kjærlighet på pinne»/«Soaddenjálggis» frå DigitaltMuseum Tilhøyrer Saviomuseet.
Liv og gjerning Savio var son av sørpolfararen Per Savio. Begge foreldra døydde før han var fylt fire år, og han vaks opp hos besteforeldra som dreiv ein handelsgard i Bugøyfjord.
Allereie som barn flytta han til Vardø for å gå på skulen, men han hadde dårleg helse og flytta til Kvæfjord ved Harstad på grunn av klimaet. Seinare gjekk han på gymnaset i Bodø og flytta deretter til Kristiania rundt 1919-1920. Han kontakta Statens håndverks- og kunstindustriskole, men det er ikkje klart om han har vore student der.
Kort etter at han kom til Kristiania fekk han påvist tuberkulose og måtte fjerne den eine lunga. Etter sjukehusopphaldet fortsette han målarstudiane delvis på eiga hand. Han reiste rundt i store delar av landet og selde tresnitt og teikningar.
I 1930 debuterte Savio med ei separatutstilling i Tromsø. Nokre år seinare drog han til utlandet på studiereise; han var i Stockholm, København, Paris og London frå 1933 til 1935 og hadde eit lengre opphald i Paris i 1935 eller 1936. Han hadde ei utstilling i Paris i 1936 som fekk positiv omtale i pressa.
Etter at han kom att til Oslo fekk han kontaktar som gjorde at han selde noko, men økonomien var framleis dårleg, det same var helsa. Han døydde i 1938 etter to vekers sjukehusopphald.
Museum vigd Savio Saviomuseet vart skipa i 1994 og held til i Kirkenes.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Savio-museet
Kategori:Samiske kunstnarar Kategori:Norske kunstnarar Kategori:Folk frå Sør-Varanger