Saul Dushman () var ein russisk-amerikansk fysikar.
Han vart utdanna i Toronto i Canada og arbeidde frå 1912 ved General Electrics sitt forsøkslaboratorium. Frå 1928 var han assistant director der. Frå 1922 til 1925 var han forsøksleiar ved Edison Lamp Works. Dushman er kjend for arbeid med høgvakuumteknikk, elektronemisjon, kvantemekanikk, kjemiske reaksjonshastigheiter og fotoelektriske celler.
Kjelder
Saul Dushman. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 4. november 2013.
Bakgrunnsstoff Artiklane til Saul Dushman
Kategori:Russiske fysikarar Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Russiske kjemikarar Kategori:USA-amerikanske kjemikarar Kategori:Russiske jødar Kategori:Folk frå Rostov