Markus kyrkje i Oslo vart innvigd i 1927. Kyrkja er ei treskipa langkyrkje med fasadar i slemma (pussa) teglstein, bygd på ein fjellknaus mellom Ullevålsveien og Schwensens gate i nærleiken av parken St. Hanshaugen. Mot Ullevålsveien inngår kyrkja i den ubrotne rekka med bustads- og forretningsbygningar langsetter gata, medan det mot Schwensens gate er eit ope areal framføre som gjev kyrkja eit meir frittliggjande og høgtideleg preg.
Houvdinngangen til kyrkja er frå Schwensens gate, der det er inngang til kyrkjerommet på plan med terrenget framføre kyrkja. Hovudinngangen, som er ramma inn av granittstein, er plassert i det åttekanta låge hovudtårnet i to høgder, med tårnhjelm og spir dekte med koparplater. Kyrkja har dessutan ein ekstra inngang rett inn frå fortauet langsetter Ullevålsveien i etasjen under kyrkjerommet, og innvendig trapp opp. mini|venstre|Gamalt fotografi som syner Markus kyrkje i husrekka langsetter Ullevålsveien. Spiret på hovudtårnet på kyrkja kan skimtast attom taket på huset til høgre for kyrkja. Hovudfasaden på kyrkja er soleis orientert mot Schwensens gate, ikkje Ullevålsveien, sjølv om det er frå Ullevålsveien kyrkja markerar seg i bybiletet, og inngangen frå denne gata er framheva med steininnramming og innskrifter. Mot Ullevålsveien er det òg eit tårn med kyrkjeklokker og eit ur, og dette har likeeins tårnhjelm og spir dekt med koparplater.
I februar 2013 vedtok bispedømmerådet at fem sokn i Oslo sentrum og nordover skulle samlast, og at Markus kyrkje ikkje lengre skulle nyttast til vanlege gudstenesterOslo bispedømmeråd Markus kyrkje er såleis avvikla som kyrkje innanfor Den norske kyrkja, og siste gudstenesta vart halde 25. august 2013. Oslo kommune har deretter leigd ut bygningen til ein kyrkjelyd som ikkje høyrer inn under Den norske kyrkja.
Det er ikkje gravplass ved kyrkja.
Fotnotar
Litteratur
Bakgrunnsstoff Markus kyrkje Kyrkjesøk – Markus kirke
Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kyrkjer i Oslo Domprosti Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Langkyrkjer i Oslo bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1927