Pavie Ridge, Cap Pavie eller Île Pavie er ein isolert klipperik fjellrygg i Antarktis på over 500 moh., som strekkjer seg sør og vest frå Martinbreen til Moraine Cove og dannar søraustgrensa til Bertrand forlandsbre, på vestkysten av Graham Land.
Området vart kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under John Riddoch Rymill, men staden som vart namngjeven av Jean-Baptiste Charcot vart ikkje identifisert. Etter fleire landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948, vart Jean-Baptiste Charcot sin «Île Pavie» identifisert frå teikningane til Maurice Bongrain som staden som i dag vert kalla Red Rock Ridge. Namnet Red Rock Ridge vart ikkje endra, sidan det alt var i bruk. Namnet Pavie Ridge er derfor godkjend for den isolerte ryggen oppom sørsida av Bertrand forlandsbre, like ved staden som Jean-Baptiste Charcot gav namn. Pavie Ridge vart namngjeven av Jean-Baptiste Charcot, truleg etter Auguste J. M. Pavie (1847-1925), ein fransk diplomat og oppdagar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pavie Ridge» frå , den 20. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Ryggar i Graham Land Kategori:Fallières Coast