John Quincy Adams () var ein amerikansk politikar. Han var den sjette presidenten i USA frå 1825 til 1829. J.Q. Adams var son av John Adams, som var den andre presidenten i USA. Før han vart president var han ambassadør i Russland og Storbritannia, og utanriksminister under James Monroe. I 1831 vart han vald inn i representantforsamlinga i Kongressen, til no den einaste presidenten som har vorte vald inn i kongressen etter tida som president.
Adams døydde brått etter eit hjerneslag han pådrog seg under ein politisk debatt i Representanthuset i februar 1848. Det er sagt han var såpass ved vitet at han bad ordstyrar om orsaking for dette før han slokna.
Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:USA-amerikanske presidentar Kategori:Folk frå Massachusetts