Vikedal skipreide var ei av dei nordlegaste skipreidene i Ryfylke.Arkivverket: Matrikkel 1838
Geografisk femna ho om: Vikedal sokn (unnateke gardane vest for Sandeidfjorden) Imsland sokn (unnateke gardane sør for Vindafjorden) austre delen av Sandeid sokn (om lag aust for kyrkja) Desse soknene høyrer no til Vindafjord kommune, men dei gardane i Vikedal som låg på nordvestre hjørnet av Ropeidhalvøya (Vormestrand krins) soknar frå 1978 til Jelsa sokn i Suldal kommune.
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Vikedal skipreide vart nemnd Vikedal tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene, og frå 1841 var Vikedal tinglag identisk med soknene Vikedal, Imsland og Sandeid.Norges folk og land
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Skipreider Kategori:Geografi i Vindafjord Kategori:Historie i Vindafjord Kategori:Geografi i Suldal Kategori:Historie i Suldal