250px|mini|høgre|Viking stadion i Stavanger ligg på Jåttå Jåttå (Jåtten) skipreide var ei av skipreidene på Jæren, oppkalla etter garden Jåttå, nå i Stavanger.
Geografisk område etter gammal inndeling:Arkivverket: Matrikkel 1838 sørvestre delen av Hetland sokn austre delen av Sola sokn nesten heile Soma sokn (1841 innlema i Høyland sokn) garden Lea i Høyland sokn
Geografisk område etter noverande inndeling: søre delen av Stavanger kommune (Forus, Gausel, Gådeset, Jåttå, Hinna, Auglend, Ullandhaug, Tjensvoll, Stokka) austre delen av Sola kommune (aust for flyplassen og Gimra) vestlegaste delen av Sandnes kommune (Sentrum, Trones, Soma og nordover; Austvoll, Folkvord, Raugstad, Lea og vestover unnateke Heigre; Dale)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Jåttå skipreide vart nemnd Jåttå tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Jåttå tinglag oppløyst 1850Norges folk og land og erstatta av dei nye Høyland tinglag, Hetland tinglag og Håland tinglag.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Skipreider Kategori:Geografi i Stavanger Kategori:Historie i Stavanger Kategori:Geografi i Sandnes Kategori:Historie i Sandnes Kategori:Geografi i Sola Kategori:Historie i Sola