«Deadlier Than the Male» er ein song skriven av den amerikanske songaren og låtskrivaren Scott Walker i lag med den britiske plateprodusenten Johnny Franz. Songen vart først spelt inn og gjeven ut av popgruppa The Walker Brothers, som Scott Walker song i, i 1966 som den åttande singelen deira. Akkompagnementet vart dirigert av Reg Guest. Songen var tittelsporet til den britiske actionfilmen Deadlier Than the Male frå 1967, med Bulldog Drummond i hovudrolla.
Tittelen på songen er ein referanse til Rudyard Kipling-diktet «The Female of the Species» frå 1911, som inneheld linja «The female of the species must be deadlier than the male».
«Deadlier Than the Male» var ein mindre hit som låg seks veker på UK Singles Chart med ein 32. plass som høgaste plasseringa. Singelen vart gjeven ut i desember samstundes med EPen Solo John/Solo Scott. Det låge salstalet kan ha kome av at desse vart gjevne ut samstundes.
Singelen er i røynda ei soloplate av Scott Walker, sidan han både var med å skrive songen og song han aleine. Tidlegare hadde Scott berre medverka til albumspor og B-sider. «Deadlier Than the Male» er òg ein av få singlar Scott Walker gav ut, som var skriven av han sjølv. Dei andre var «The Electrician» (1978), «Track Three» (1984) og «Man From Reno» (1993).
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Deadlier Than the Male (song)» frå , den 29. september 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:The Walker Brothers-songar Kategori:Songar skrivne av Scott Walker Kategori:Kjenningsmelodiar