«I've Got You Under My Skin» er ein song skriven av Cole Porter. Han vart skriven i 1936 og introdusert i musikalen til Eleanor Powell for MGM, Born to Dance der han vart framført av Virginia Bruce. Han vart nominert til Oscarprisen for beste song det året. Han vart ein signaturlåt for Frank Sinatra og i 1966 nådde The Four Seasons Topp 10 i USA med songen. Han har vorte spelt inn av mange pop- og jazzartistar gjennom åra.

Frank Sinatra-versjonane

Frank Sinatra song først songen på det vekentlege radioshowet sitt i 1946, som andre delen av ein medlem med «Easy to Love». Han sette definitivt preget sitt på melodien ti år seinare med ein svingande storbandversjon som bygde seg opp til fleire klimaks med eit arrangement av Nelson Riddle. Riddle var tilhengjar av Maurice Ravel og har fortalt at dette arrangementet var inspirert av Boléro.Levinson, Peter J. "September in the Rain: The Life of Nelson Riddle", via Google Books, s. 129. Sinatra-fans trekk vanlegvis denne versjonen fram som det finaste samarbeidet hans med orkesteret til Riddle. Ein iherdig saksofonseksjonset kursen, som endar i eit klimaks med ein støytvis, glidande trombonesolo av Milt Bernhart. Sinatra likte særs godt dette arrangementet og tok med songen på konsertane sine sidan.Obituary: Milt Bernhart, trombonist who got under Sinatra's skin, The Guardian, London, 4 February 2004

Sinatra spelte inn «I've Got You Under My Skin» for albumet Sinatra's Sinatra (1963), eit album med nyinnspelingar av hans eigne favorittar. Denne gongen var trombonesoloen spelt av Dick Nash fordi Bernhart var oppteken.

Eit konsertopptak av songen finst på albumet Sinatra at the Sands frå 1966 med Count Basie and his orchestra.

I 1993 spelte Sinatra inn ein versjon som ein duett med Bono frå U2 for albumet Duets. Han vart òg gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med U2 sin «Stay (Faraway, So Close!)», og ein musikkvideo regissert av Kevin Godley.

Neneh Cherry-versjonen Neneh Cherry laga ei hip-hop-tolking av songen som den første singelen frå Red Hot + Blue-albumet, og denne nådde 25. plassen på den britiske singellista. Musikkvideoen var regissert av Jean-Baptiste Mondino.

Neneh Cherry erstatta det meste av teksten med ein rap om AIDS-offer og korleis samfunnet reagerer på dei. Av den originale Cole Porter-teksten hadde ho berre att dei første fire linjene og «Use your mentality, wake up to reality».

Andre innspelingar Al Bowlly spelte inn songen 1936, og finst på The Al Bowlly Story 1928–1941 Lee Wiley (1937) Cab Calloway (1943–1944) Peggy Lee – Black Coffee (1953) Dinah Washington (med Clifford Brown) – Dinah Jams (1954) Stan Kenton – Portraits on Standards (1954) Ella Fitzgerald – Ella Fitzgerald Sings the Cole Porter Songbook (1956) Cesare Siepi with The Roland Shaw Orchestra – Easy to Love (Songs of Cole Porter) (1958) Shirley Bassey – The Fabulous Shirley Bassey (1959) Helen Merrill – Parole e musica (med Fernando Caiati, 1960) Eartha Kitt – The Romantic Eartha (1962) Julie London – All Through the Night: Julie London Sings the Choicest of Cole Porter (1965) Bill Evans og Jim Hall – Intermodulation (1966) Sammy Davis Jr. – I've Gotta Be Me (1968) José José – At Puerto Rico in 1985 (uoffisiell konsertopptak) James Darren – This One's from the Heart (1990) Rita Reys – The Great American Songbook, volume 1 (1992) The New Four Freshmen – Voices in Standards (1994) The Rutles – The Rutles Archaeology (1996) Louis Prima og Keely Smith – Capitol Collectors Series: Louis Prima (1996) Gloria Gaynor – I Will Survive: The Anthology (1998) Diana Krall – When I Look In Your Eyes (1999) Jamie Cullum – Heard It All Before (1999) Perry Como – Papa Loves Mambo – The Very Best of Perry Como (2004) Carly Simon – Moonlight Serenade (2005) Michael Bublé – It's Time (2005) Michael Bolton – Bolton Swings Sinatra (2006) Lauri Beth Quinlivan – On Angel's Strings (omarrangert for klassisk gitar, 2006) Cliff Richard – Bold as Brass (2009) Chris Botti – Chris Botti in Boston (med Katharine McPhee) (2009) Seether (2009) Rod Stewart – Fly Me to the Moon... The Great American Songbook Volume V (2010) Landau Eugene Murphy, Jr. – That's Life (2011) Jermaine Jackson – I Wish You Love (2012) Mina – 12 (American Song Book) (2012) Maysa Josephine Baker Steve Barton

I popkulturen I 1952 produserte Stan Freberg ein parodi av songen.

I 1993 vart songen nytta i The Flintstones-filmen I Yabba-Dabba Do!

Actionfilmen Gamer frå 2009 inneheld Sammy Davis Jr.-versjonen av songen i eit musikalsk nummer der Ken Castle, (spelt av Michael C. Hall), mimar til songen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I've Got You Under My Skin» frå , den 22. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1936 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar skrivne av Cole Porter Kategori:Frank Sinatra-songar Kategori:The Four Seasons-songar Kategori:Ella Fitzgerald-songar Kategori:Diana Krall-songar Kategori:Dinah Washington-songar Kategori:Neneh Cherry-songar Kategori:Peggy Lee-songar Kategori:Sammy Davis Jr.-songar Kategori:Carly Simon-songar Kategori:Jamie Cullum-songar Kategori:Perry Como-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Michael Bublé-songar Kategori:Gloria Gaynor-songar Kategori:Louis Prima-songar Kategori:Eartha Kitt-songar Kategori:Michael Bolton-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Songar produserte av Bob Crewe