Rakkestad kyrkje er ei langkyrkje i Rakkestad kommune i Østfold fylke.
Kyrkja er ei romansk mellomalderkyrkje med rektangulært skip og smalare og langstrakt kor, truleg bygd omkring år 1200.
Rakkestad kyrkje er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1370. Kyrkja vart teken over av Rakkestad kommune i 1860. I 1875 vart ho vesentleg om- og påbygd i regi av stadsingeniør Gustav Blom Kielland. Korbogen vart riven og vindauga utvida, og eit nytt tårn vart oppført der våpenhuset hadde stått tidlegare. Samtidig vart takryttaren riven. I dag har kyrkja om lag 260 sitjeplassar.
Litteratur
Sigrid og Håkon Christie: Rakkestad kirke i «Norges kirker»
Bakgrunnsstoff Rakkestad kyrkjelege fellesråd
Denne artikkelen bygger på «Rakkestad kirke» frå , den 13. september 2013.
Kategori:Kyrkjer i Rakkestad Kategori:Kulturminne i Rakkestad Kategori:Kyrkjer i Østre Borgesyssel prosti Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Valkyrkjer i 1814