«Love Potion No. 9» er ein song frå 1959 skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller. Han vart opphavleg innspelt av The Clovers, som nådde 23. plass med songen i USA det året.The Clovers' charting singles Henta 8. september 2013.

Historie Songen skildrar ein mann som søker hjelp til å finne kjærleiken, så han snakkar med ei sigøynerkvinne som spår han i handa og finn ut at han treng «love potion number 9» (kjærleikseliksir nr. 9). Eliksiren får han til å forelske seg i alle han ser, og kyssar alt han kjem over, til slutt ein politi mann på eit gatehjørne, som knusar eliksirflaska hans.

I ein innspelt versjon av slutten av songen nytta The Clovers ein annan tekst: «I had so much fun that I'm going back again, I wonder what a-happen with Love Potion Number Ten?»

Tekstlinja om å kysse politimannen førte til at songen vart bannlyst av somme radiostasjonar.

Andre versjonar Wayne Fontana and the Mindbenders (1963) The Searchers (1964), nådde tredjeplassen i USA i 1965. Ronnie Dio and the Prophets (1964) The Tony Jackson Group (1965) Herb Alpert & The Tijuana Brass (1965) The Ventures (Februar 1965) Nancy Sit (1967) The Coasters (1971) Elkie Brooks (1976) Hurriganes (1978) The Nylons (1982) Tygers of Pan Tang (1982) Alvin and the Chipmunks (1988) Beau Nasty (1989) Southern All Stars (1990) Carole Davis (filmen Love Potion No. 9 over rulleteksten, arrangert av James Wilson og J. Rodgers) (1992) Neil Diamond (1993) Robert Plant (2008) Giuliano Palma & the Bluebeaters (2009) (Italia) Rockapella AC/DC The Alley Cats The White Stripes Flotsam and Jetsam MDC Gary Lewis & the Playboys 3G JAM starring George H Benson

Norsk versjon Eldar Vågan har skrive ein norsk tekst. Den norske tittelen er «Rolf Paulsen nr. 9».Diskografier og annet go'-stoff for samlere Denne vart gjeve ut av Vazelina Bilopphøggers på albumet Fem fyrer med ved (Slagerfabrikken/Opel SLP 99 0004) i 1984.Diskografier og annet go'-stoff for samlere

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Potion No. 9 (song)» frå , den 8. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1959 Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar skrivne av Jerry Leiber og Mike Stoller Kategori:The Clovers-songar Kategori:The Searchers-songar Kategori:Herb Alpert-songar Kategori:The Ventures-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:AC/DC-songar Kategori:The White Stripes-songar Kategori:The Mindbenders-songar