Barkestad er eit fiskevær i Øksnes kommune i Nordland. Bygda har ei god hamn og ligg på vestsida av Dyrøya.
Folketeljinga 1910 syner at 22 menneske budde på Barkestad. Utover 1900-talet voks folketalet og bygda hadde fiskemottak og slipp. Siste tiåra har folketalet minka, men slippen er i drift.
Barkestad har dagleg anløp av hurtigbåt med samband til dei andre øyane i Øksnes og til kommunesenteret Myre.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Barkestad» frå , den 27. august 2013.
Bakgrunnsstoff barkestad.no
Kategori:Bygder i Nordland Kategori:Geografi i Øksnes Kategori:Fiskevær i Nordland