«Holly Holy» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Han vart gjeven ut som singel i oktober 1969, og vart ein populær oppfølgjar til «Sweet Caroline», med ein sjetteplass på Billboard Hot 100 i USA i desember. s. 88. Han selde etter kvart til platinaplate for 1 million selde eksemplar.
Songen hadde eit andeleg fokus, og var påverka av gospel og var i følgje Diamond favoritten hans av songane hadde skrive til då. pp. 65–66. Han byrjar roleg med akustisk gitar mot ei basslinje, og ein enkel tekst med lange vokalar. Gradvis byggjer arrengementet seg opp med eit temposkifte i mellomspelet og inn kjem eit kor i lag med strykarar.
«Holly Holy» vart gjeven ut på albumet Touching You, Touching Me i november 1969. Konsertopptak av songen finst på Gold: Recorded Live at the Troubadour frå 1970. Seinare opptak finst på Hot August Night (frå 1972) og Greatest Hits: 1966–1992 (frå 1992), i tillegg til forskjellige samleplater.
Ein versjon av Jr. Walker & the All Stars vart ein liten R&B-hit i 1971. Nancy Sinatra spelte songen på showet «Movin' with Nancy on Stage» i 1971. I tillegg har han vorte spelt av UB40.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Holly Holy» frå , den 25. august 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Songar skrivne av Neil Diamond Kategori:Junior Walker-songar Kategori:Nancy Sinatra-songar Kategori:UB40-songar