miniatyr|AS Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker. miniatyr|Plankerenne for transport til og fra demningene. Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker var den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia. Den vart etablert i 1908 i Stongfjorden, ein av dei første industristadene i Sogn og Fjordane.
Då British Aluminium Company (BACO) kom til Stongfjorden i 1906 hadde allereie industripioneren Peter Jebsen frå Bergen bygd dam og kraftstasjon som sørgde for produksjon av torvkol så jod, men dette var ikkje lønsamt.Losnegård, Gaute (2001), Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Det store hamskiftet i Stongfjorden
Stongfjorden fekk gatelys då aluminiumsfabrikken starta opp.Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Veg mellom Askvoll og Stongfjorden Fabrikken var i drift til 1945, og hadde på det meste kring 70 tilsette,NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon: British Aluminium Company men produksjonen kom aldri opp i meir enn 700 tonn per år.Gram, Trond, Store Norske Leksikon: Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare norske industriselskap Kategori:Næringsliv i Vestland Kategori:Askvoll kommune Kategori:Skipingar i 1908 Kategori:Nedleggingar i 1945 Kategori:1908 i Noreg Kategori:1945 i Noreg