Miljødirektoratet er eit norsk direktorat som blei oppretta 1. juli 2013 gjennom samanslåing av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forurensningsdirektoratet.Regjeringen etablerer Miljødirektorat. Regjeringa.no Miljødirektoratet er underlagt Miljøverndepartementet.Miljødirektoratet er oppretta. Regjeringa.no
Eit mål med etableringa av direktoratet har vore å forenkle og betre styringsdialogen mellom departement og direktorat, og vidare til fylkesmenn og kommunane.
Direktør Ellen Hambro blei i statsråd 22. mars 2013 åremålstilsett som direktør for Miljødirektoratet frå 1. juli same år.Ellen Hambro blir miljødirektør. Regjeringa.no Ho leda også arbeidet med samanslåinga av dei to direktorata i perioden fram til Miljødirektoratet blei oppretta.Ellen Hambro direktør for Miljødirektoratet. miljodir.no
Oppgåver Dei overordna oppgåvene er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.Om Miljødirektoratet . miljødirektoratet.no Meir spesifikt omfattar det oppgåver innan klima, klimagassar og klimatilpassing helse- og miljøskadelege stoff naturmangfald - forvaltning av areal og leveområde forvaltning av artar og bestandar friluftsliv forvaltning av hav- og kystmiljø forvaltning av elver og innsjøar avfall og gjenvinning luftforureining og støy regulering og tilsyn av industri og petroleumsverksemd
Grunnfunksjonane til direktoratet er å overvake miljøtilstanden og formidle miljøkunnskap og -informasjon vere myndigheitsutøver - forvalte lover og forskrifter, fatte vedtak etter desse og føre tilsyn styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå vere fagleg rådgivar og samordne sektorovergripande arbeid bidra i internasjonalt miljøarbeid
Organisering Miljødirektoratet har til saman om lag 700 tilsette – dei fleste av desse ved kontora i Trondheim og Oslo. Den overordna leiinga er lokalisert i Trondheim. Statens naturoppsyn er ein del av direktoratet med over 60 lokalkontor over heile landet.
Direktoratet er delt inn i følgjande avdelingar: avdeling for artsforvaltning industriavdelinga klimaavdelinga miljøgiftavdelinga avdeling for naturbruk og vern avdeling for naturressursar og klima tilsynsavdelinga organisasjonsavdelinga Statens naturoppsyn
Referansar
Bakgrunnsstoff Miljødirektoratet Statens naturoppsyn
Kategori:Norske statsetatar Kategori:Miljøvern i Noreg Kategori:Skipingar i 2013