AD/DA-omformarar er elektroniske kretsar som omformar analoge signal til binære verdiar, eller omvendt. AD/DA-omformarar er tilgjengelege som separate integrerte kretsar, men kan òg vera integrerte på same kretsen som til dømes ein sensor, ein mikrokontroller, osb.
Analog til digital-omformar Digital-til-Analog omformar
Døme på bruk av AD- og DA-omformarar Bruk av AD-omformarar: Lydkort, der eit analogt elektrisk signal vert omforma til binære verdiar, som vert lagra på ein harddisk, handsame i eit lydredigeringsprogram, osb. Eit digitalt termometer, der ei analog elektrisk spenning frå ein temperatursensor vert omforma til binære verdiar av ein AD-konverter og vist på på eit display.
Bruk av DA-omformarar: CD-spelar, der dei binære verdiane frå ei CD-plate vert omforma til eit analogt signal, som så vert forsterka og nytta til å driva ein høgtalar.
Kategori:Elektronikk Kategori:Digital lyd