Nesodden Idrettsforening (stifta 24. juli 1920) er eit norsk idrettslag frå Nesodden i Akershus. Klubben har ca. 1 850 medlemmar og er eit fleridrettslag med tilbod innan basketball, bordtennis, fotball, friidrett, orientering, fekting, ski og skøyter. Klubben har òg ein moderne idrettspark med friidrettsstadion, grasbane, ballbinge, undervarma kunstgrasbane, lysløype, og tilhøyrande klubbhus.
Fotball Klubben spelar denne sesongen i .
I 2009 spelte laget i 3. divisjon. Dei låg godt an til å opprykk, men ein dårleg haustsesong gjorde at dei måtte spele i 3. divisjon òg i 2010, då dei vann avdelinga si og rykte opp til 2. divisjon. I 2011 slo Nesodden ut i første runde av cupen. Follo hadde vore cupfinalist i 2010.
Kjende utøvarar Trygve Kjensli, fotballdommer
Skøyter Laget var arrangør av den tidlegare offisielle Noregsmeisterskapen for Menn Senior B Allround i 1972, på Berger stadion. Meister vart Kai Roger Olsen, frå Arbeidernes Skøyteklubb, som vann meisterskapen etter tre distansesigrar og fall på 5000 m.
Løparar med medalje i senior-NM Ellen Kathrine Lie, Noregsmeister på skøyter for Ask Skøyteklubb men bronsemedaljevinnner for Nesodden under Sprint-NM 2002 Rikke Jeppsson, Noregsmeister Sprint-NM 2011 Renate Jeppsson, to gangar bronsemedaljevinner i Sprint-NM Bente Munkerud Aas, bronsemedaljevinner i Allround-NM
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nesodden Idrettsforening» frå , den 6. juni 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Idrettslag i Akershus Kategori:Idrettslag skipa i 1920 Kategori:Fotballag i Akershus Kategori:Fotballag skipa i 1920 Kategori:Orienteringsklubbar i Noreg Kategori:Skeiseklubbar i Akershus Kategori:Nesodden kommune Kategori:1920 i Noreg