mini|Børsemakar frå 1500-talet. mini|Moderne finsk børsemaker

Ein børsemakar er ein handverkar som lager eller reparerer skytevåpen. Børsemakarar arbeider med tre, stål og kunststoff og produserer, reparerer, justerer og tilpassar våpen.

Utdanning Børsemakar er ein verna tittel i Noreg. Utdanninga er to år på skule og to år i lære. Ho høyrer til utdanningsprogrammet Teknologi- og industrifag. Fyrste skoleåret er Vg1 Teknologi- og industrifag og andre skuleåret er Vg2 Børsemakar. Det er berre Gauldal vidaregåande skule som har utdanning for børsemakarar i Noreg. Skulen har også tilbod om Vg3 på skulen.

Børsemakerfaget er med på Utdanningsdirektoratet si liste over små handverksfag. Dette gjer blant anna at verksemder innan faget får utvida støtte frå fylkeskommunen når dei tek inn nye lærlingar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Børsemaker» frå , den 3. november 2005 og 9. august 2025.

Kategori:Våpen Kategori:Handverksyrke