mini|Hamjern gravemaskin.
Hamjern var eit merkenamn nytta på traktorgravarar produserte av Hamar Jernstøberi. Eik & Hausken, som var importør av Fordson-traktorar til Noreg, hadde ein gong rundt 1950 teke til å importera Shawne gravemaskinar frå USA, som dei selde under merkenamnet «Wills gravemaskin». Men på grunn av ugunstig valutakurs vart maskinane kostbareR. Heieren, Norge var først med traktorgravere, Traktor, 24/6-2020.. Eigaren av Eik & Hausken, Johan Norlie, hadde i 1939 kjøpt storparten av aksjeane i Hamar Jernstøberi, og i 1953 tok føretaket til å produsera Shawne-maskiner på lisens, som dei selde under merkenamnet Hamjern. I 1952/53 produserte dei tre ulike modellar av Shawnee sine maskiner og Fordson Major med Hamjern gravemaskinar vart eit vanleg syn i Noreg. Det vart etter kvart utvikla større maskinar og nokre vart monterte på Ford County.
Referansar
Kategori:Traktorgravarar Kategori:Tidlegare gravemaskinprodusentar Kategori:Tidlegare frontlastarprodusentar