AKA Arena er heimebanen til Hønefoss Ballklubb. Banen ligg i Hønefoss idrettspark, som ligg på Schjong. Han vart bygd i 2009 og hadde då ein kapasitet på kring 3500 plasser.
Før debuten i Tippeligaen 2010 fekk dei sett opp ein ekstra tribune som auka kapasiteten til ca. 4500 plasser. Hovudbanen er lagd med kunstgras med undervarme og kan nyttast til heilårsfotball. Han har flaumlys som tilfredsstiller samtlege av FIFA sine krav til internasjonale kampar med TV-overføring.
Tribuneanlegget blir eigt av Hønefoss stadion A/S, der Hønefoss Ballklubb eig ni prosent.
Den 25. mai 2010 vart det sett ny publikumsrekord med 4256 tilskodarar, i kampen mot Brann. Kampen enda 2-0 til Hønefoss.
Sjå òg Hønefoss idrettspark
Kjelder Denne artikkelen bygger på «AKA Arena» frå , den 7. mai 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fotballstadion i Buskerud Kategori:Hønefoss Ballklubb